<

Bibliografi over Eivind Vågslids bøker og artiklar

 

Sett opp av Oddvar Nes

 

Bergen 2011

 

Føremæling

 

Lektor, cand.philol. Eivind Vågslid, Eidsvoll, frå Vinje i Telemark (23.9.1897–21.8.1986) fekk eit langt liv og åtte eit reint uvanleg arbeidsevle. Det syner seg greitt ved det som fylgjer her. Han skreiv om mange emne. I ollo er det her i lista 262 oppføringar (titlar) av prent. 58 av oppslagi – bøker, hefte, dikt og stykke i tidskrifter (dvs. periodika; det er talt opp 19 ulike av dei) og bøker – svarar til ikring 4 500 boksidor. Til dette kjem so 204 bladstykke (rekna som eitt når dei ofte er prenta i fleire blad – her er 40 titlar funni, men det har truleg vori fleire – og stundom med ymsande titlar) som kan reknast til minst 500 boksidor. Samanlagt svarar dette meir enn fem tusen normale boksidor i prent. (Fleire store manuskript ligg att etter Vågslid; til dømes om ordlaging, ei fornorskingsordbok og omsetjing av norrøne sogor.)

 

Bibliografien – utanom bok- og heftetitlane – er sett opp etter originalar, fotostatkopiar og maskinskrivne avskrifter av prenta tilfang som er i varveitsla åt Vågslid-familien. Alt ihop er velviljug lånt ut av dotteri Arnlaug Skjæveland, Stord. Der opplysningane ikkje er heilt visse, har eg, so sant det har vori råd, freista å etterprøva dei. Det har lati seg gjera for dei aller fleste. – I tillegg til dette kjem nokre opplysningar som Terje Aarset, Høgskulen i Volda,  har skaffa or dei store samlingane sine.

 

Oppføringane under kvart årstal er skipa soleis: Fyrst kjem titlane på sjølvstendig utgjevne arbeid (bøker, hefte), dinest fylgjer framstellingar i sokalla periodika (tidskrifter) og i andre verk, og sist vert bladstykke rekna opp i kronologisk rekkjefylgd. Sidetilvisingar er ikkje gjevne (men derimot datoar) for bladstykki og heller ikkje for nokre fåe tidskriftstykke som har vori utilgjengelege. Titlane er noggrant attgjevne. Der det tykkjest vera reine prentevillor, er skrivegjerdi likevel ubrigda. Merknader er gjevne under tittelen, mellom skråstrekar: / /. Døme på oppføring: Frambladet 2:3.4–5 =  2. årgangen, 3. heftet, sidene 4 og 5.

 

Prenta omsegner av dei ymse verki åt Eivind Vågslid og referat av føredrag han heldt – dei er mange! – er ikkje tekne med her. For ei meir ålmenn, nokolunde heil framstelling av mannen, verksemdi og verket hans syner eg til det eg har skrivi i Norderlendske fyrenamn 425–32 (sjå under 1988).

 

                                                                                         Bergen 7.11. 2011

 

                                                                                                             Oddvar Nes

1922

 

Smaavilt og freding. Nationen 18.12.

 

1923

 

Hvad du er, vær fullt og helt. Mot Dag 3 (20.10.)

          /Tidfestingi er uviss./

 

Svar til Svare. Fram 1:5.10–11 (november)

          /Mot Bjarne Svare./

 

Vegerne mot måle. Fram 1:6–7.29 (desember)

          /Mot Per Thorson./

 

1924

 

Noreg – Norge. Den 17de Mai 30.1.

 

Kva skal vilte vårt nyttast til? Arbeiderbladet 3.7.

 

Log eller rett? Arbeiderbladet 19.7.

 

Krigskommissær Bruu. Arbeiderbladet 10.9.

          /Om landsmål i forsvaret./

 

Eit norsk “leverop”.  Den 17de Mai 6.10.

 

Valresultate. Arbeiderbladet 30.10.

 

Amnesti (gløyme). Arbeiderbladet 15.12.

          /Om straffelovi./

 

Folden ikke Oslofjord. Den 17de Mai 22.12.

 

Gamle joleskikkar fraa Telemark. Den 17de Mai 24.12.

 

1925

 

Gamle joleskikkar fraa Telemark. Morgendemringen Aarg. 37: Julenummer

          /Tidskrift for spiritistiske studiar. Det er uvisst om dette stykket er identisk med 24.12.1924. Prenta opp att i Telemarksmagasinet nr. 4, 2006. /

 

1926

 

Sproget i fare. To citat. Fram 4:2.9 (18.3.)

 

1927

 

Litt om studentlivet i Oslo og Uppsala. Ergo 4: nr. 1

          /I ei tidskrift for Uppsala-studentar./

 

1928

 

Norsk mål i styringsverket. Arbeiderbladet 15.2.

 

1929

 

Hev Nidaros berre vore eit lært og kyrkelegt navn? Den 17de Mai 28.5.

 

Vil Arbeidarpartiet vera med aa freista faa burt Nidaros-navnet? Den 17de Mai 26.6.

 

Kristian og Fredrik i norske stadnovn. Den 17de Mai 28.6.

 

/Sjå under 2009./

 

1930

 

Norsk navnebok. Døypenovn med tydingar. 256 s. Oslo: Hovudumbod i Noregs Boklag

/Boki var ferdig prenta i desember 1929, og nokre fåe næme – visstnok tri – ber årstalet    1929. Eitt av dei er sannkjent no (det tilhøyrer Terje Aarset)./

 

Norske logmannsbrev frå millomalderen. Ei skrifthistorisk etterrøking av logmannsbrev frå

 Oslo, Uppland, Skien, Tunsberg, Borgarting og Bohuslän. Med 80 facsimilia. (Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo.) 192 s. Oslo: I kommisjon hos Jacob Dybwad

/Ein utgreinad som fekk “H. M. Kongens gullmedalje” i 1926 er her prenta,   noko ombøtt./

 

Norsk navnebok (svar til Skirbekk). Nationen 25.11., Østlendingen 11.12.

 

1931

 

 Nidaros i trøndske logmannsbrev frá millomalderen. 14 s. Oslo: Noregs Mállag

          /Laga i høve striden om det nye namnet – Nidaros – for tidlegare Trondhjem./

 

Norske novn i norske maal.  Den 17de Mai 11.11., Norig 6.1., 7.1., 8.1.1932.

 

Ikke i-form eller a-form, men e-form. Agder Tidend 14.11.

 

Stadnamn på nynorsk. Den 17de Mai 30.11.

 

Norske mannenovn. Den 17de Mai  24.12.

 

1932

 

Norsk navnesed. Ei utgreiding um norske mannenovn. 80 s. Oslo: Hovudumbod i Noregs   Boklag

 

Norsk navnesed. Norsk pedagogisk Tidskrift 16.154–63

 

Bergen, Bjørgvin eller Bergvin? [Melding av] Mikjel Sørlie: Bergens bynavn. [...] (1931) Norsk  pedagogisk Tidskrift 16.179–83

 

[Melding av] Gustav Indrebø: Nynorsk og bokmål. [...] (1932)  Norsk pedagogisk Tidskrift 16.234–36

 

[Melding av] Gustav Indrebø: Fylke og fylkesnamn (1932) [og den same:] Um namnet Møre i eldre tider (1932). Norsk pedagogisk Tidskrift 16.237–38.

 

[Melding av Gustav Indrebøs utgåve av] Gamal norsk homiliebok. [...] (1931) Kirke og Kultur 39.126–28.

 

“Anretningsgjente”. Norig 15.10.

 

Norsk navnesed. Arbeiderbladet 10.12.

 

Fåkunna. Norig 24.12.

 

1933

 

Norsk hermaal. Den 17de Mai 10., 11., 13., 15., 19.5.

          /Ei sers grundig melding av Einar Sagen: Militær ordliste (1933)./

 

Ned med danemerke i Noreg. Norig 13.5.

 

1934

 

Norske novn. Norsk pedagogisk Tidskrift 18.43–46

 

Utanlendske riksnovn og folkenovn. Norsk pedagogisk Tidskrift 18.117–22

 

Unorske og rangskrivne heradsnamn. Norsk Aarbok 15.74–85

 

Unorske og uhøvelege bynovn. Norrøna 8.97–104

 

Kva skal barnet heita? Telemark Dagblad 8.1., Den 17de Mai 9.1., Møre 9.1., Hordaland 10.1., Fylkesavisen 10.1., Haugesunds Avis 11.1., Sogns Tidend 12.1.,  Ørsta Avis 15.1.

 

Berre norsk i vermeldingarne. Den 17de Mai 16.2.

 

Ny rettskriving. Arbeiderbladet 24.2.

 

Deildegast og deildetjov. Noreg 25.5.

 

Norsk namnesed. I. Døypenamn eller fyrenamn. Stavanger Aftenblad 22.10.

 

1935

 

[Lesarinnlegg om namnet på bladet.] Radio-Lytteren nr. 3, 9.12.

          /Bladet Radio-Lytteren  var “Arbeiderbladets radio-tillegg”./

 

1936

 

Norsk máltidende 1. 160 s. [Eidsvoll]: [Eigen utgevnad]

          /”Utgeve av Eivind Vágslid.” Kom i 10 hefte./

 

 

 

1937

 

Norsk måltidende 2. S. 161–320. [Eidsvoll]: [Eigen utgevnad]

          /Kom i 5 hefte. Skifte av á til å i tittelen, teksti og i utgjevarnamnet Vågslid./

 

Pál Styrkársson og Varnaðarrǿða (Avhandlinger utgitt av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. II. Hist.-Filos. Klasse. 1937. No. 3). 33 s. Oslo: I kommisjon hos Jacob Dybwad

 

1938

 

[Norsk måltidende 3]. S. 321–480. [Eidsvoll]: [Eigen utgevnad]

         /Kom i 5 hefte. Denne tidskrifti gav Vågslid ut på eigen kostnad. Dei til saman 29 artiklane i dei tri bandi er alle skrivne av honom, og innhaldet krinsar om rettskrivingsspørsmål, målodling og gamalnorske emne. Siste bandet lyktar midt i ein lang utgreinad med tittelen “Gamalnorsk riksmål” og vantar tittelblad og innhaldslista.  – Men sjå merknaden under 1989, om eit samandrag av resten./

 

1939

 

Bøyging av fyrrtid partisipp til sterke segnord med endinge i i norske målføre. Hjørdis Johannessen, Rolv Skre og Per Thorson (utgjevarar): Heidersskrift til Gustav Indrebø på femtiårsdagen 17. november 1939 227–36. Bergen: Lunde

 

Hva slags former skal en nytte i den nye rettskrivinga? Eidsvoll Arbeiderblad 2.5.

          /På bokmål./

 

1944

 

Fram gymnas. Frambladet [1]:2.6 (oktober)

 

1945

 

Er namnet ditt norsk? Frambladet 2:3.4–5  (juli)

 

Korleis ein skal skriva stadnamn. 1. Utanlandske stadnamn. Frambladet 2:4.4 (desember)

 

Norsk mål. Arbeiderbladet 19.6.

 

Oppnorsking eller avnorsking. Et svar til Morgenbladet. Friheten 21.6.

          /På bokmål./

 

Norsk arbeidarsamling. Arbeiderbladet 7.8.

 

Eit norsk målodlingslag. Verdens Gang 11.12.

 

Eidsvoll mållag. Eidsvold Blad 11.12, Eidsvoll Arbeiderblad 14.12.

 

Vårt land. Vårt Land 22.12.

          /Dikt med fem vers. Prenta opp att i Skaldeord 16 (1952)./

 

Eitt norsk riksmål. Arbeiderbladet 27.12.

 

1946

 

Korleis ein skal skriva stadnamn. 2. Norske stadnamn. Frambladet 3:1.4–6 (mars)

 

Svar på “Åpent brev til lektor Eivind Vågslid”! Den høgre Skolen 45.210–13

 

Målleg reaksjon. Den høgre Skolen 45.252–54

 

Tyske lånord i norsk. Den høgre Skolen 45.570–74

 

Eidsvoll. Telemark Tidend 2.1.

          /Dikt med 10 vers. Er ulikt diktet med same tittelen  2.6.1949./

 

Andreas Munch: Kvar i verda eg gjeng. Omsett til norsk av [...] Telemark Tidend 8.2.

          / Originaltittel: “Hvor i Verden jeg gaar.” Prenta opp att i Skaldeord 43–44 (1952)./

 

Norsk målvilje. Verdens Gang 11.3.

 

Norsk eller dansktysk mål i Noreg? Hamar Arbeiderblad 3.9.

 

Målreising eller sosial folkereising. Friheten 2. holva av november

 

1947

 

Skeid i gamalnorsk. [36] s. Oslo: Fram gymnas

          /Heftet er ei samling av 18 lærebrev, kvart på 2 s., for brevskulen Fram gymnas, Oslo. Tittelen  stend på hefteomslaget./

 

Percy Bysshe Shelley: Ein song om vestanvind. Den høgre Skolen 46.163–65.

          /”Omsett frå engelsk til norsk av [...]”. Prenta opp att i Skaldeord 61–64 (1952)./

 

Ta eit tak for den nynorske pressa. Norsk Tidend 16.1.

 

Skriv norsk. Norsk Tidend 16.1.

 

Ingen norsk embetsmann er fullfør til sitt yrke utan at han kan og vil nytta nynorsk. Telemark Tidend 31.1.

 

Ring uppnorsking. Verdens Gang 6.2.

 

Skriv norsk! Tala norsk! Ver norsk! Telemark Tidend 14.2.

 

Er endinge -else norsk? Verdens Gang 14.2.

 

Nynorsk og bokmål må få sams skrivemåte av geografiske namn. Rettskrivinga frå 1938 er ikkje gjennomførd i så måte.  Norsk Tidend 20.2.

 

Sjølvmelding – selvangivelse. Norsk Tidend 13.3.

 

Skriv norsk. Telemark Tidend 1.4.

 

Skriv norsk! “Herre” og “dame” er tysk! Telemark Tidend 18.4.

 

Unorsk og norsk måltilfang. Verdens Gang 7.8.

 

Skal folk kunna laga seg namn reint  vilt? Norsk Tidend 18.9.

          /Utan forfattarnamn, men visseleg skrivi av E.V./

 

Bytegdalen. Telemark Tidend 7.11.

          /Stadnamntyding./

 

1948

 

Den store skald. Kooperatøren 42.[127] (nr. 5, mai)

          /Dikt. Prenta opp att i Skaldeord 8–10 med tittelen “Du store skald” (1952)./

 

Livsens gåte. Kooperatøren 42.[251] (nr. 10, oktober)

           /Dikt. Prenta opp att i Skaldeord 10–12 (1952)./

 

Romeriksbunaden. Nationen 2.1.

          /Dikt. Prenta opp att i Skaldeord 21–22 (1952)./

 

Rettskrivinga i artiumsstilane. Arbeiderbladet 7.1.

 

Hellas. Dikt. Friheten 24.1.

          /Prenta opp att i Skaldeord 23–25 (1952)./

 

Vegen fram til eitt norsk riksmål. Norsk Tidend 5.2.

 

Nytta nynorsk! Dagbladet 21.2., Haugesunds Avis 2.3.

 

100 år sidan Ivar Aasen bygde grunnmuren under målreisinga. Stavanger Aftenblad 12.3., 100 år sidan grunnmuren under målreisinga vart lagt. Telemark Tidend 18.3. Òg med tittelen Eit hundreårsminne. Ivar Aasen: Det norske Folkesprogs Grammatik. Eidsvold Blad 15.3., Eit hundreårsminne. Arbeiderbladet 7.4., Grunnmuren under det norske riksmålet. Ivar Aasen: Det norske Folkesprogs Grammatik, 1848. Kooperatøren 42.99–100 (nr. 4, april), Brotet med det danske målet i Noreg. Ivar Aasen: Det norske Folkesprogs Grammatik. 1848. Austland 20.5.

 

Samnorske bøyingsformer. Verdens Gang 14.7.

 

Verbalbøying i norsk. Austland 12.8.

 

Samnorsk. Austland 20.10.

 

Målordskifte og målspørsmål. Arbeiderbladet 11.12.

 

1949–66

 

[Namnetydingar i] Arnulv Sudmann (red.): Norsk Allkunnebok. 1–10. Oslo: Fonna Forlag

 /Dette nynorske konversasjonsleksikonet – med tidfest føreord “i april 1948” –   kom ut i dagfeste hefte frå 31.7.1948 (med fyrste bandet ferdig i oktober 1949) til 27.7.1966. I alt ber om lag 4 900 namnetolkingar signaturen “E.V.”; av desse gjeld 4 200 stadnamn – mest norske og nokre utanlandske – og 700 personnamn. Kring 10 artiklar om andre emne har Vågslid òg skrivi. – På ein prenta lepp til tingarane i 1966 (lagd ved bd. 10) opplyser Fonna Forlag at “Stadnamntydingane av Eivind Vågslid er det tanken å få ut i ei serskild bok med tillegg og eventuelle rettingar.” Men det vart diverre berre med tanken./

 

1949

 

Nytta norske namn! Ungdomsvon nr. 5 (17.3.), Austland 24.3.

          /Svar på innlegg av Francis Bull i Verdens Gang 20.1. – ikkje identisk med 5.1./

 

Nytt norske namn! Dagbladet 5.1.

          /Jamfør framanfor./

 

Ver varsam med ordlaging. Norsk Tidend 6.1.

 

Norsk ordlaging. Agder Tidend 11.1., Austland 10.2., 24.2.

 

Til alle norske bokskrivarar og bladfolk. Austland 13.1., Norsk Tidend 20.1.

 

A-form og i-form – norsk eller unorsk? Østlendingen 19.1.

 

Målstoda i Noreg. Verdens Gang 8.3.

 

Norsk mål av dansken! Svar til Ola Linge. Austland 21.4.

 

Austmannalaget vender seg til N.T.B. Austland 5.5.

 

Oppnorsking og målreising. Norsk Tidend 5.5.

 

Torbjørn hornklove: Haraldskvædet. Omsett frå gamalnorsk av [...] Austland 5.5.

          /Dikt. Prenta opp att i Skaldeord 82–85 (1952)./

 

Eidsvoll. Austland 2.6., Eidsvoll Arbeiderblad 3.6.   

 /Dikt i 10 vers. Ulikt versjonen 2.1.1946. Prenta opp att i Skaldeord 19–20 (1952). Sjå òg under 1958./

 

Uppnorsking eller avnorsking? Austland 23.6.

 

Premitevling. Austland 14.7.

          /Jamfør under 20.10./

 

Av alle land bå i aust og vest. Austland 28.7.

          /Omsetjing av Ole Vigs “Blandt alle Lande i øst og vest”. Prenta opp att i Skaldeord

           45–50 med tittelen “Nordmannssongen” (1952)./

 

“Det er slikt me hev målreising for”. Austland 8.9.

          /Utan forfattarnamn, men truleg skrive av E. V./

 

Kva er det målsaka gjeld? Austland 6.10. Òg med tittelen Kva målsaka gjeld? Unglyden 26.10.

          /Jamfør under 2.11.1950./

 

Emily Brontë: Fangen. Umsett frå engelsk av [...] Austland 20.10.

 /Dikt. Prenta opp att i Skaldeord 64–65 (1952)./

 

Nynorske bokpremiar. Norsk Tidend 20.10.

          /Jamfør under 14.7./

 

Korleis ein skal skriva stadnamn. Agder Tidend 5., 7.11.

 

Er namnet ditt norsk? Agder Tidend 8.11.

          /Jamfør under 2.4.1952./

 

Norsk mål i Noreg! Austland 29.12.

 

To kvæde om Hellas. Av Percy Bysshe Shelley – omsett av [...] Austland 29.12.

/Prenta å nyo i same bladet 26.1.1950. Men der er berre eitt kvæde. Prenta opp att i Skaldeord 59–60 (1952)./

 

1950

 

Vågslid, Eivind. O[tto] Delphin Amundsen (red.): Studentene fra 1919. Biografiske opplysninger  m. v. samlet til 30-årsjubileet 1949 278–79. Oslo: Aas & Wahls boktrykkeri

          /Sjølvbiografiske opplysningar. Jamfør under 1969./

 

Oslo vart hovudstad i Noreg 31. august 1314, og omtrent samstundes vart det skapa eit gamalnorsk riksmål i Oslo. Kooperatøren 44.197–99 (nr. 7, juli)

 

LUREN av M. C. Hansen 1794–1842. Norsk Ukeblad julen 1950.

         /Omsett av E. V./

 

Eigeform på -s i norsk. Norsk Tidend 2.3.

 

Kva er det målsaka gjeld? Midnattsol 2.11.

          /Jamfør under 6.10.1949./

 

1951

 

 

Elsk framom heider. Omsett av E. V. ?? 8.2.

 

To artikler av lektor Eivind Vågslid. I. Døypenamn eller førenamn. Fjell-Ljom 12.3. II. Ættenamn eller etternamn. Fjell-Ljom 14.3.

          /Overskrifti er laga av bladstyret./

 

Norsk ordavleiding. Avleidningar til segnord. Austland 2.5.

 

Den nye teljemåten. Arbeiderbladet 19.7., Austland 8.11.

 

“Det norske språk fra uke til uke.” Austland 2.8.

 

Nytt kart: Sygnefjell. Norsk Tidend 9.8.

 

Noregs geografiske uppmæling. Norsk Tidend 23.8.

 

Siste storverket til Gustav Indrebø. Norsk Tidend 22., 29.11.

          /Melding av G. Indrebø: Norsk Målsoga (1951)./

 

1952

 

Skaldeord. 86 s. [Eidsvoll]: Eigen utgjevnad

          /Diktsamling. Eigne og omsette dikt, der nokre er prenta tidlegare og nokre vart prenta om att seinare./

 

Ei bok med mykje kunnskap. Nationen 29.2.

          /Melding av Sigurd Kolsrud: Nynorsken i sine målføre (1951)./

 

Er namnet ditt norsk? Hordaland 2.4.

          /Jamfør under 8.11.1949./

 

1953

 

Det ber mot norsk mål i Noreg. Eidsvold Blad 24.2., Gula Tidend 11.3.

 

Det trekker opp! Eivind Vågslid sender “stormvarsler” til Frisprog. Første stormvarsel: Til bladstyret i “Frisprog”. Frisprog 27.6.

          /Tittelen er laga av bladstyret i Frisprog./

 

Kva tyder Heidmark og Eidsævating? Østlendingen 27.6.

 

Elvenamn i Glåmdal. Østlendingen 22.7.

 

Norsk ungdom skal ikkje få lov til å læra norsk! Eidsvold Blad 23.7., Austland 30.7. (med eit tillegg 13.8.), Frisprog 5.9.

 

Bokmålsfolket vil ha norsk mål! Gula Tidend 25.7.

 

“Frisprog” har henta stilebøker frå Eidsvoll Landsgymnas. Norsk Tidend 5.8.

 

1954

 

Elvenamn i Glåmdal. Fjell-Ljom 19., 22., 24.3., 23.4., Østlendingen 16.6.

          /Same innhaldet er det i båe bladi./

 

Norsk eller unorsk? Norsk Reising 1954. April 1954.

          /Gjevi ut av Studentmållaget i Oslo./

 

Om å nyskapa norske ord. Austland 6.5.

 

Ikkje “flyktning” eller “rømling”, men røming. Arbeiderbladet 20.5., Austland 3.6.

 

Samnorsk. Fjell-Ljom 9.6.

 

Nemneskap på –a. Austland 17.6.

          /Om infinitiv på –a./

 

Elvenamn i Glåmdal. Østlendingen 22.7.

 

Målsamling på norsk folkemåls grunn. Arbeiderbladet 20.10.

 

Ei nemnd kan laga mål. Stavanger Aftenblad 22.11.

 

Nytt landgeneralkart over Hallingdal. Arbeiderbladet 8.12.

 

Romantikk eller røyndom? Arbeiderbladet 8.12.

 

Norsk mål i Noreg. Or ein tale til norsk ungdom. Austland 9., 16.12.

 

Når fåkunna talar. Midnattsol 23.12.

          /Jamfør under 25.9.1957./

1955

 

Grunndrag i norsk mål. 15 + 1 upag. s. [Eidsvoll]: Eigen utgjevnad

          /Serprent av Fossegrimen 2.87–94, 168–70./

 

Minne um veiding og fiske i stadnamn. Rogaland 11.8.

 

Norsk målreising er ein ide. Svar til Herbjørn Sørebø [...] Gula Tidend 28.10.

 

Norsk-dansk einaste riksmål i Norge. Dagbladet 22.11.

 

Då Vinje nytta e-mål. Austland 8.12.

 

Ikkje “purisme”, nei! Austland 22.12., Norsk Tidend 31.12.

 

Norske døypenamn og ættenamn eller fyrenamn og etternamn. Eidsvold Blad 28.12.

 

Norske døypenamn. Eidsvold Blad 30.12., 6.1., 11.1.1956

 

1956

 

Vitskaplege verk som vantar um norsk mål. Fram daa, Frendar 1956.44–60.

 

Samnorsk eller sams unorsk? Høgskulebladet 52.107. Òg i Telemark Tidend 28.6., Midnattsol 28.6., Norsk Tidend 4.8.

 

Norske døypenamn. Eidsvold Blad 25., 27.1.

 

Målreising, målodling og målskaping. Norsk Tidend 28.1.

 

Det er rett Skurtveit. Norsk Tidend 11.2.

 

Norsk republikk. Gula Tidend 28.2.

 

Dei lærer alle i den skule dei gjeng. Telemark Tidend 2.3., Austland 15.3.

 

Tri nye norderlendske republikkar. Norsk Tidend 10.3.

 

Sjølvtenad og sjølvuppgift. Norsk Tidend 10.3.

 

Rett og rein norsk på alle umkverve. Norsk Tidend 10.3.

 

Nordmenn! Midnattsol 5.4.

 

Nytta rett og rein og røynleg norsk! Agder Tidend 9.4.

 

Norske månadsnamn. Gula Tidend 14.4.

          /Jamfør under 15.11./

 

Ordlaging. Gula Tidend 14.4.

 

Minne i stadnamn um gamle ferdselsveger på Raumarike. Romerike 28.8., Raumnes 29., 31.8.

 

Norsk bibelmål. Austland 20.9., Dagen 10.10.

 

Noreg er namnet! Austland 4.10.

 

Norsk riksmål. 10 norske ord. Austland 4.10.

 

Nytta norske namn og nemne. Austland 4.10.

 

Er namnet ditt norsk? Austland 4.10.

 

Tilnærming mot norskdansk er dauden for norsk mål. Austland 1.11.

 

Radikal, konservativ og reaksjonær målsyn. Austland 15.11.

 

Norske månadsnamn. Austland 15.11.

          /Jamfør under 14.4./

 

Norske namn på måltider. Austland 29.11.

 

Halvor Floden hev slokna. Austland 13.12.

 

 

 

1957

 

Det er rett og din skyldnad. Austland 10.1.

 

Norsk namneskipnad. Austland 24.1.

 

Norsk riksmål. Austland 10.4.

 

Noregs soga. Austland 24.4.

          /Dikt or boki Skaldeord 15 (1952)./

 

Anten -kvende eller -are. Austland 24.4.

          /Om yrkesnemningar./

 

I motsett leid. Austland 24.4.

 

Eigelausingar i alle land, skipa dykk saman. Austland 8.5.

 

Noreg-Anne. Austland 22.5.

          /Om Anne Røsberg i Kleive, Romsdal som døydde kring 1930, 82 år gamal. – Sagde alltid Noreg (gamal form: Norri), medan andre sagde Norge./

 

Kor lenge skal norsk mål vera “ulovleg” i Noreg? Austland 22.5.

 

Norske akademikerar skal ikkje læra norsk. Austland 5.6.

          /”akademikerar” er prentevilla./

 

Norsk rettskriving. Austland 19.6.

 

Rett og rang norsk. Austland 19.6.

 

Rett norsk. Austland 31.7.

 

Farleg lesnad for born og ungdom. Austland 14.8.

 

Eg og du. Austland 14.8.

 

Merknad til ordet stødd i fyrste vers av diktet “Ferdaminne” av Åsmund Olavson Vinje. Austland 14.8.

 

Jon Bjørguvsson Rysstad. Austland 28.8.

          /Minnedikt./

 

Seg du til alle som talar norsk! Austland 28.8.

 

Skal Noregs Mållag skifta fyremål? Austland 28.8.

 

Skriv ikkje barnemål! Austland 11.9.

 

Når fåkunna talar. Austland 25.9.

          /Ulikt innhald i høve til stykket 23.12.1954./

 

Norsk målbygnad. Austland 9.10.

          /Avleiingar til freista og røyna./

 

Unorske ord armar og øyder norsk mål. Austland 9.10.

 

Forvitnelege stadnamn. Austland 9.10.

          /Skartheim, Skartsheim, Gròs- og -gròs, Vin, Vinjar, Vinar, Vingrid, Vinstaup./

 

1958

 

Stadnamntydingar. 232 s. Eidsvoll: Eigin utgjevnad

 /Siste luten av opplaget vart innbunden i 1983, med nytt omvære: “Eidsvoll 1958. Med tillegg 1983”. Det upaginerte tillegget er 3 s./

 

Norsk målbygnad. Ordlaging til segnordet skjota. Fram daa, Frendar 1958.65–77

 

Eidsvoll. Eidsvold Blad 16.6.

          /Fem fyrste versi av eit dikt som var prenta tidlegare i 1949 og i Skaldeord 19 (1952)./

 

Eidsævating. Eidsvold Blad 16.6.

 

Eit arvgåvebrev frå 1389. Sjele til Gud, likamen til Hallvardskyrkja i Oslo og Må på Eidsvoll til same kyrkja. Eidsvold Blad 21.7.

 

1959

 

Avleidningar til segnord med nedsetjande tyding. Fram daa, Frendar 1959.67–76

 

Brev um Eidsvoll frå 1485. Eidsvold Blad 26.1.

 

1960

 

Feta og -fot i norske stadnamn. Namn och Bygd 48.25–33

 

1961

 

Raumarike og andre namn på Raum-. 12 s. [Eidsvoll]: [Eigin utgjevnad]

          /Retta serprent av Årbok for Romerike Historielag 4.98–107. Jamfør under1981./

 

Skaun. Raumnes 19.4.

 

1963

 

Stadnamntydingar. 1. 272 s. [Oslo]: Universitetsforlaget

 

Ny namnebok. Norsk Tidend 5.12.

 

 

1965

 

Litt um Vòluspå. Fram daa, Frendar 1965.99–113

 

1969

 

 Vestfoldmål 1366–99 i 30 brev av bisp Øystein Aslaksson i Oslo. X + 289 s. Oslo: Universitetsforlaget

          /129–212: Alfabetisk “ordlista” over tilfanget i brevi som Øystein Aslakson har skrive, med mange namnetydingar. 273–84: Alfabetisk “uppslagslista”, med mange nye namnetydingar./

 

Vågslid, Eivind. [Arne Solem (red.):] Studentene fra 1919. Biografiske opplysninger samlet til 50-årsjubileet 1969 179–80. Oslo:Bokkomitéen for studentene fra 1919

         /Sjølvbiografiske opplysningar. Jamfør under 1950./

 

1972

 

Røysta NEI! Noreg nr. 5–6 (september/oktober)

 

1973

 

Rangt mål. Dag og Tid 18.1.

 

Richard Nixon på gjesting! Dag og Tid 18.1.

 

Norsk og unorsk. Arbeiderbladet 2.2.

 

Brev frå . . . Eidsvoll. Dag og Tid 6.2.

          /Dikt./

 

Norsk humor. Arbeiderbladet 8.2.

 

Koren må søkja avskil. Arbeiderbladet 20.2.

 

Vitlaust mål. Dag og Tid 30.3., Sunnhordland 13.4.

 

1974

 

Stadnamntydingar. 2. XX + 592 s. Oslo: Eigin utgjevnad

          /Utsend i januar 1975./

 

Stadnamn og gudenamn. Gula Tidend 14.11.

 

1975

 

Stadnamn – bruk dei i undervisninga. Skuleposten nr. 2

          /Lysingstekst./

 

Mer om “Eidsævating”. Eidsvold Blad 5.4.

          /”Mer om” er lagt til av bladstyret./

 

Eidsævating. Eidsvold Blad 29.4.

 

1977

 

Gamle og verdfulle stadnamn. Hardanger Folkeblad 18.3.

 

 

1978

 

Brev til Det akademiske kollegium ved Universitetet i Oslo. 31 s. [Eidsvoll]: [Eigin utgjevnad]

          /Gjeld omstende kring søknad om å få disputera for dr.philos.-graden over   Stadnamntydingar 2 (1974)./

 

Rangt tydde stadnamn. Maal og Minne 1978.109–32.

 

Minne um gudedyrking i stadnamn. Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer 6.1.

 

Heidersgåva til Hans Slettmeaas. Dag og Tid 17.3.

 

1979

 

Stadnamntydingar. 3. [IV] + 183 s. Oslo: Eigin utgjevnad

 

1980

 

Norske døypenamn og ættnamn. Noreg nr. 7–8 (desember)

 

1981

 

Raum- i stadnamn. Fram daa, Frendar 1981.73–80.

          /Jamfør under 1961./

 

Stadnamn i Vinje herad. Noreg  nr. 1/2 (januar/mars) og nr. 4/5 (april/juni).

 

Fossenamnet Trysil. Firda Tidend 2.10.

 

1983

 

/Sjå merknad til Stadnamntydingar under 1958./

 

1984

 

Stadnamntydingar. 4. Med nye tydingar til ord og namn. 111 s. Bjørgvin: Norsk Bokreidingslag

 

Norsk og svensk. Dag og Tid 20.10.

 

1988

 

Norderlendske fyrenamn. Namnebok. 436 s. Eidsvoll: Eigen utgjevnad

          /425–36: Oddvar Nes: Eivind Vågslids verksemd og verk (“Bibliografi” 433–36)./

 

1989

 

Norske skrivarar i millomalderen. 804 s. Oslo: Eigen utgjevnad

 /7–10: Magnus Rindal: Eivind Vågslids granskingar av norske skrivarar i mellomalderen. 748–67: Gamalnorsk riksmål. Utdrag og konklusjon. Avstytt og utgjeve av Magnus Rindal. (Er fullføring av “Gamalnorsk riksmål” i [Norsk máltidende] 3.353–480 [1938].) 768–75: Oddvar Nes: Register over stadnamn. 776–85: Arne Apalseth: Alfabetisk register over namngjevne skrivarar. 786–803: Arne Apalseth: Register over utferdarstadene./

 

2009

 

“Ostane vart like store”. Arkivmagasinet 23:1.19–20

/Prenting av ein stutt bolk i ferdameldingi E. V. gav i 1929 etter å ha samla tilfang frå Vågslid og Haukelid i Vinje, i tilknyting til prosjektet “Seterbruket i Norge”./